Innlegg

Det er her nede det skjer

Han stod på hytteterrassen og pusta frost og sigarettrøyk ut i novemberkvelden. Over han brann stjernene kalde og fjerne. Han lét blikket gli over Orions belte, tre skarpe spikrar slått inn i det svarte teppet. Han visste at det ikkje fanst noko bakanfor der, ingen som sat og trekte i trådane. Universet var eit vakkert, uendeleg maskineri av lovmessig kulde. «Det er her nede det skjer,» mumla han. Pusten stod som ein kvit røykdott i lufta før han løyste seg opp og forsvann. Slik hadde han alltid tenkt. Frå han sat i høyet som gutunge, og mor hans kviskra om skrømt og skuggar i krokane. Han hadde rista på hovudet alt då, og heller studert korleis taksperrene bar vekta av snøen. Det fanst inga overtru som kunne måla seg med tyngdekrafta. Verda var bitar av handgripeleg sanning, puslespelbrikkar han måtte samla og setja i system sjølv. Namnet hans var resultatet av eit kompromiss. Mor hans ville kalla han Gorm då han kom til verda ein haustdag under krigen. «Eg stiller meg ikkje på trappa...

Protonet i mørkret

​Natta ligg tung og stille i rommet, men søvnen har for lengst meldt avbod. Eg orkar ikkje lenger kjempe den trøysteslause kampen mot lakenet. Det er vått og klebar seg til ryggen. I staden lèt eg forsvarsverka falle, overgjev meg til det tette mørkret og lèt bevisstheita mi drive fritt. Det er då ho gjer opprør. Utan å bry seg eit sekund om at klokka tikkar nådelaust mot morgon, riv ho seg laus. Med ei rå, autonom kraft spoler ho tida tilbake og tvingar studietida mi i reprise over netthinna. Ut frå dei djupaste skuggane i sinnet trengjer eit minne seg fram. Det kløyver mørkret – skarpt, krystallklart og heilt ubede: ​Fingrane mine vibrerte, eg rulla metallhjulet på mikroskopet ein brøkdel til venstre. ​Lyset stod skarpt opp gjennom glasplata. Alt anna i rommet låg i skugge. Det var berre dette feltet som fanst no – ei gråsvart flate av emulsjon, og eg som leita etter noko eg ikkje kunne sjå med det blotte auget. ​Det lukta reint. Sprit. Den skarpe, tørre lukta av rektifisert sprit so...